Historisk dag på Pianoakademiet!
Torsdag 9.9.2010 var det duka for dei første pianospireelevane på Pianoakademiet! To dagar i forvegen hadde Ingeborg i gruppa «Viderekomne» vore på time. Og i dag stod altså elevane frå Nordstrand for tur.
Både notenavn og skalaen var på timeplanen den første dagen. Den eine eleven meinte bestemt at I kom etter H, og stussa nok litt då pianolærerinne Elisabeth Grindheim Brodalen introduserte C-som etterfølgjar av H-en på pianoet. Etter kvart skal den enkelte eleven følgja sitt eige tempo og interessefelt. Uansett synst Elisabeth at det var flott å høyra elevar improvisera og imponera, med påførehandlært musikkteori i bagasjen. Enkelte av pianoelevane hadde visst foreldre, som allereie hadde lært ungane sine både det eine og det andre av musikalske ferdigheter. Og det gjer jo ikkje akkurat jobben vanskelegare for lærarinna ved akademiet!
|